Har du ein bil som er fire år eller eldre, skal den ha EU kontroll, periodisk kjøretøyskontroll, annakvart år. Dette er ein omfattande kontroll, som sikrar deg at bilen din oppfyller dei sikkerhet- og miljøkrava som gjeld. Som bileigar er du sjølv ansvarleg for at dette vert gjort, men Dimmelsvik Bil sender ut postkort med påminning til samtlege bileigarar i Kvinnherad.
Kontrollmånad for din bil vert bestemt av det siste talet på bilskiltet ditt
Skilt som sluttar på: | Skal vera kontrollert innan utgongen av: |
1 | januar |
2 | februar |
3 | mars |
4 | april |
5 | mai |
6 | juni |
7 | november |
8 | august |
9 | september |
0 | oktober |